2025 – Det internasjonale året for
bevaring av brear
NY UTSTILLING 2025

Brear har forma landskapet vårt gjennom ei rekke istider. Dei har skapt fjordar, dalar og fjelltoppar. Det er om lag 275,000 brear i verda i dag og saman med dei to store innlandsisane Grønland og Antarktis lagrar dei heile 70 %  av verdas ferskvatn. Men no smeltar breane i rekordfart. 

FN har erklært 2025 som Det internasjonale året for bevaring av brear. Initiativet kjem frå Tadsjikistan. Kan engasjement og kunnskap om kva breane betyr og kva som står på spel, få fortgang i reduksjon av klimagassutslepp? 

Totalt 153 av 195 FN land har støtta erklæringa om året for brebevaring og 21. mars vil frå 2025 markerast som den internasjonale bredagen. 

I Venezuela og Slovenia er alle breane borte, og i dei europeiske alpane kan opp mot to tredjedelar forsvinne dei neste 25 åra. I Norge trekk breane seg attende, i snitt nesten 20 meter kvart år sidan år 2000. Kva må til for å endre denne utviklinga? 

I denne utstillinga får du lære meir om breane – kvifor dei er så viktige, kva vi kan gjere for å bevare dei, og korleis smeltinga påverkar oss alle. 

Les meir om utstillinga Les mindre Read more about the exhibition Read less

Kva skjer med breane i Norge?

Brear og fonner er ein del av norsk natur. Dei har stor betydning for vasskraftproduksjon, turisme, friluftsliv og livet i vassdraga nedstrøms. I dag utgjer dei eit volum på ca. 270 km3. Til samanlikning inneheld Antarktis 3 millionar km3 med is.

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) overvaker breane med satellittbilete, flyfoto og laserskanning for å måle endringar i høgde og areal. Årleg tek dei frontmålingar på om lag 40 brear. Ti av desse ligg i Jotunheimen. Dei måler også massebalanse på 10 brear, tre av dei i Jotunheimen, samt ei fonn; Juvfonne ved Galdhøpiggen. 

Sidan byrjinga på 2000-talet har brearealet i Norge minka med heile 15 %. Den siste kartlegginga, gjort med Sentinel-2 satellittbilete frå 2018 og 2019, viste eit samla breareal for Norge på 2328 km2. Dette utgjer ca 0,7 % av heile landarealet.

Sidan 2019 har breane minka ytterlegare. Dette ser ein til dømes godt på biletet under av Hellstugubrean i Jotunheimen der nye flybilete i 2024 er samanlikna med tidlegare kartleggingar.

 

Hellstugubrean

Hellstugubrean 1941 - 2024 

Ein rekkje kartleggingar av breen sidan 1941 viser korleis den har minka i areal. I 1941 hang breen saman med det som i dag er ein botnbre. Utover 1960-talet smelta breen attende slik at botnbreen vart kutta av. Arealet har minka nesten 30 % (fra 4.3 til 3.1 km2), for dei to breane samla. Berre frå 2019 til 2024 har hovudbreen smelta attende kring 100 meter i front. 
Bakgrunnsfoto: norgeibilder.no, 2024/NVE 

 

Juvfonne 2010-2024

Juvfonne  2010 - 2024 

Breomkrinsen er målt kvart år med flyfoto, dronebilete eller ved å gå til fots rundt fonna og måle posisjonen.  Målingane viser at Juvfonna si omkrins varierer i storleik frå år til år. I nokre år ligg det snø igjen rundt kanten. Fra 2010 til 2024 har fonna minka i areal frå 0.149 kvadratkilometer til 0.081 kvadratkilometer. Arealet er redusert med over 45% i denne perioda. Bakgrunnsbilete er ortofoto tatt 26. august i 2019 av TerraTec for NVE. 

Brear i Jotunheimen før og no

Vesljuvbrean 1900 - 2024

I 1900 hang Vesljuvbrean saman med botnbreen i Kjelen. I 2024 er mykje av landskapet utan bre. I bakgrunnen kan ein sjå Hellstugubrean som har vorte mykje tynnare frå 1900 til i dag. På Vesljuvbrean finn du i dag Galdhøpiggen Sommarskisenter.

Foto: 1900, Nasjonalbiblioteket / 2024, Mark Reysoo.

Vesljuvbrean 1890 - 2024

Foto: 1890, Knud Knudsen, Bergen universitetsbibliotek / 2024, Mark Reysoo.

Styggedalsbrean 2009 – 2024

Styggedalsbrean er ein dalbre i Hurrungane i Jotunheimen. Her vart det gjort ei rekkje undersøkjingar allereie på 1920-talet og fronten av breen har vore målt sidan 1901. I 2009 smelta det fram eit lite vatn ved brekanten. I 2024 har vatnet vorte mykje større. Breen har smelta attende 290 meter på dei 15 åra mellom bileta. Det tilsvarer om lag 20 meter per år.

Foto: 2009, Steve Selwood via Flickr / 2024, Mark Reysoo.

Gjertvassbrean 1919 - 2024

Gjertvassbrean er ein bre i det alpine fjellområdet Hurrungane i Jotunheimen. I 1919 var breen samanhengande og gjekk ned i den flatare Gjertvassdalen. I 2024 har breen smelta attende og ligg nå oppe i den bratte fjellsida. Bresmeltinga har ført til at breen har delt seg i fleire delar. Botnbreen til venstre heng ikkje lenger saman med den større breen til høgre.  

Foto: 1919, Jørgen Grundtvig-Olsen, Bergen Universitetsbibliotek / 2024, Mark Reysoo.

Gjertvassbrean 1877 - 2024

Foto: 1877, Knud Knudsen, Bergen universitetsbibliotek / Mark Reysoo

Leirbrean og Bøverbrean 1938 – 2024

Smørstabbrean er den største breen i Jotunheimen og har fleire brearmar. På biletet ser vi Leirbrean til venstre og Bøverbrean til høgre. Brearmane har både vorte tynnare og minka i areal. Brefrontane har smelta om lag 700 meter attende frå 1938 til 2024.

Foto: 1938, Ralph L. Wislon, UiB / 2024, Mark Reysoo

Vestre Memurubrean 1900 – 2024

Vestre Memurubrean er ein dalbre som heng saman med Hellstugubreen. Det er store endringar i landskapet sidan det fyrste fotoet vart teke i 1900. I 2024 var breen knapt synleg frå fotopunktet. Frontmålingar av breen fra 1902 til 1954 viser at breen smelta 700 meter attende i denne perioda. Ei rekkje kartleggingar av breen frå 1966 til 2019 viser at den har vorte enda tynnare og minka i areal.

Foto: 1900, Nasjonalbiblioteket / 2024, Mark Reysoo.

Vestre Memurubrean 1916 – 2024

Foto: 1916, Anders Beer Wilse, Nasjonalbiblioteket / 2024, Mark Reysoo.

Brear kring Galdhøpiggen

Karta under viser breane kring Galdhøpiggen, Norges høgaste fjell. Breane vart laserskanna i 2011 og 2020. Samanliknar ein desse to kartleggingane kan ein sjå korleis breane endrar seg. Desto mørkare raudt, desto meir har breen smelta.  Denne metoda kallast repetert kartlegging og gjev moglegheit til å kartlegge fleire brear enn vi kan gjere med detaljerte feltundersøkjingar, som er kostbare og tek tid.

Breane har minka mest i front, og Kjelen er den breen som har minka mest. Desse 9 åra har den vorte 19 meter tynnare. Juvfonna har minka mindre, kring 3 meter i snitt. Samla sett har dei 19 breane som er kartlagt vorte 4 meter tynnare og minka 4 % i areal.  

Breane kring Galdhøpiggen 2011 – 2020
Breane kring Galdhøpiggen 2011 – 2020

Kva skjer med breane globalt?

Studier frå heile verda viser at breane minkar, og at smeltinga har gått raskare dei siste åra. Desse studiane brukar fleire metodar, mellom anna satellittbilete og feltmålingar av isbrear. 

Eit døme er den ferske GlaMBIE-studien, som viser korleis isbreane i verda har minka mellom 2000 og 2023. På litt over 20 år har 5 % av den totale ismassen smelta globalt. 

Nokre område har opplevd langt meir smelting enn andre, som til dømes Alpane i Europa, Kaukasus og New Zealand. 

I filmen under kan du lære meir om GlaMBIE-studien og korleis forskarar jobbar med å skaffe kunnskap om verdas brear.

Kunnskap og erfaring verda rundt

Korleis tilpassar ulike samfunn seg endringane som skjer med breane? Få eit innblikk i brelandskap verda rundt og bli betre kjend med nokre av menneska som lever i dei.

 

Tadjikistan

Ideen om å erklære 2025 som «Det internasjonale året for bevaring av brear» kom frå Tadsjikistan, eit land i Sentral-Asia der over halvparten av arealet ligg høgare enn 3000 meter over havet. Fjell utgjer meir enn 93% av arealet, medan låglandet består av oppdyrka mark, ørken- og steppelandskap.

Den unike geografien, med store høgdeforskjellar, fører også med seg store variasjonar i klima – frå kalde og snørike fjellområde, til høge temperaturar i byar i låglandet. Isbreane i Pamir-området i Tadsjikistan spelar ei svært viktig rolle for tilgang til vassressursar og regulering av klima i heile regionen. Den største isbreen her er ikoniske Vanch-Yakh Glacier, tidlegare kalla Fedchenko. Den er 77 km lang og er den lengste breen i verda, utanom polane. I løpet av det siste hundreåret har den trekt seg nær 1,5 km attende - eit tydeleg teikn på globale klimaendringar.

Breovervakinga i Tadsjikistan starta i 1956. På grunn av geopolitiske forhald og begrensa tilgjengelighet til områda, har den i perioder vore avbrote. I dag inkluderer arbeidet regelmessige bremålingar ved bruk av satelittobservasjoner, droner og datamodelleringer for å forstå korleis klimaendringane påverkar. Internasjonalt samarbeid er viktig i denne prosessen, noko som initiativet til «Det internasjonale året for brebevaring» er et godt døme på.

Vanj - Yakh glacier

På biletet:
Den 77 km lange Vanch-Yakh Glacier og ein målestasjon for breovervaking. 
Foto: Agency for Hydrometeorology of Tajikistan 

Matthias Huss
Matthias Huss
Sveits
Glasiolog og seniorforsker ved ETH Zürich

Mitt forhold til brear er todelt: På den eine sida er eg ein forskar som er interessert i tilstanden og utviklinga til breane. På den andre sida har eg vore fascinert av brear og alt ved dei sidan eg var liten. Eg reiser til fjells så ofte eg  kan på fritida for å beundre dei. Om isen smeltar, rører dette både ved mitt profesjonelle og mitt personlege forhald til brear.  

Eg har observert store endringar sidan eg blei glasiolog for 20 år sidan, og enda meir sidan eg besøkte breane som liten gut. Desse endringane er enorme og skjer svært fort.  Kvar gong eg kjem attende for å overvåke «mine» brear, blir eg overraska – nokre gonger sjokkert – over kva som har skjedd i løpet av berre nokre få veker.  

Vi, som sveitsiske glasiologar, er påverka av den raske nedsmeltinga av brear, fordi plassane vi overvaker forsvinn. Vi er generasjonen som er vitne til slutten på dei lange seriene med data som dokumenterer effekten av klimaendringar på isen. Nokre isbrear har smelta heilt bort, og alt vi kunne gjere var å samle saman måleutstyret vårt og forlate staden som ein øde og ustabil skråning utan is. Den sveitsiske befolkninga blir også påverka av tilbaketrekkinga av breane på grunn av endringar i vasstilgang og vasskraft-produksjon. Vi ser at fjellsider der is og permafrost forsvinn blir meir ustabile og utgjer ein fare for både fjellklatrarar og bebuarar i dalsidene. 

På bileta:
Store endringar på breen Vadret Alp Ota frå 1935 til 2022
Foto: 1935, Swisstopo/ 2022, VAW, Glaciology ETH Zürich

Pizolgletcher i 2006 og 2019, ein av breane i Sveits som no er burte.
Foto: Matthias Huss

Matthias under arbeid med bremålingar.
Foto: Matthias Huss

Vadret Alp Ota 1935
Vadret Alp Ota 2022
Borring på bre
Heather Purdie
Dr Heather Purdie
Christchurch, New Zealand
Førsteamanuensis i glasiologi ved University of Canterbury

Min lidenskap for fjell og isbrear starta da eg var 7 år gamal. Familien drog på ferie til Aoraki Mount Cook nasjonalpark og Haupapa/Tasmanbreen. Tretti år seinare var eg attende saman med ei gruppe universitetsstudentar og forklarte kvifor området der eg hadde vore som barn, nå var ein meir enn seks kilometer lang innsjø. Som turgåar og fjellklatrar elskar eg å vere i fjella. Dei har ein kraft og skjønnheit som gjev energi. 

Eg byrja karriera mi som glasiolog ved Fox Glacier, som ligg på vestsida av dei sørlege Alpane i New Zealand. Sidan 2009 har denne breen vorte tunnare og mindre i omkrins. Den største endringa har likevel vore den raske framveksten av store bresjøar. Dei har danna seg ved enden av dei store breane i Aoraki Mount Cook nasjonalpark, slik som ved Tasmanbreen der innsjøen blir større og djupare kvart år.  

Krympande isbrear i New Zealand har stor negativ innverknad på breturisme og naturbasert reiseliv. Brear blir utilgjengelege for vandring, og klatrarar må forsere bratte, lause moreneveggar, store bresprekkar og handtere fare for steinras for å nå fjelltoppar. Nokre av dei største isbreane i New Zealand ligg på toppen av nedbørsfelt som er viktige for vasskraftindustrien, og mange i landbruket er avhengige av vatningssystem som vil bli påvirka av brear som forsvinn.

På bileta:
Familieferie i Aoraki Mount Cook nasjonalpark, med utsikt til Tasman breen

Heather som lærar med skoleklasse ved Tasman breen

Heather vei til arbeid på Rollestone breen

Rollestone breen 2014 og 2024. Foto: 2014, Rack
Alle andre foto: Heather Purdie

Familieferie i Aoraki Mount Cook nasjonalpark
Heather som lærer med skoleklasse på Tasman breen
På vei til Rollestone breen
Rollestone breen
Paula Lady Pacheco Mollinedo
La Paz, Bolivia
Hydrolog og klimaforskar

Eg bur i La Paz, ein by som ligg mellom isbrekledde fjell. For oss er desse fjella ikkje berre kjelder til vatn – dei er heilage vesen. Vi ser på dei som besteforeldra våre: dei vernar oss, viser oss veg, og er ein del av identiteten vår. Gjennom arbeidet mitt i Andesfjella har eg lært at isbrear ikkje berre er ein viktig del av vasskrinsløpet, men også åndelege og kulturelle pilarar for livet i fjella. Som hydrolog studerer eg korleis tilbaketrekkinga påverkar vassdraga og livsgrunnlaget, men bandet mitt til breane handlar om meir enn vitskap.

Etter mange år med arbeid i fjellområder, er endringane tydelege – du ser dei med eigne auge. Isbreane krympar og landskapet endrar seg. I Bolivia viser studiar at meir enn 50 % av isbreoverflata har gått tapt i nokre område. Til dømes har Sajama, det høgste fjellet i Bolivia, mista mykje is dei siste tiåra. Men det er ikkje berre forskarar som merkar endringane. Alle som bur i La Paz ser at fjellet Illimani, som ligg i nærleiken av byen, ikkje  har den same kvite kappa lenger. Snødekket blir tynnare, og ein kan sjå med eigne auge kor raskt endringane skjer.

Tapet av brevatn påverkar våtmarker (bofedales), jordbruket og kvardagslivet i fjellområda. I La Paz er vi berre delvis avhengige av smeltevatn frå isbrear, men mange landlege område er heilt avhengige av det. Kvinner i desse samfunna står ofte i fremste rekkje – dei handterer vatnet, driv jordbruk og held familiane oppe i ei tid med aukande utfordringar. Det er både ei vitskapleg og menneskeleg krise, som krev handling – nå.

På bileta:
Illimani, det nest høgste fjellet i Bolivia (6432 m.o.h.)

Sajama, det høgste fjellet i Bolivia (6542 m.o.h.)

Paula med ei gruppe ved Sajama
Alle foto: Paula Lady Pacheco Mollinedo 
 

Katherine Robinson
Vancouver, British Columbia, Canada
Glasiolog ved Simon Fraser University, Canada

Eg er glasiolog og studerer korleis brear i Nord-Canada reagerer på  klimaendringar. Brear er veldig viktige for meg fordi eg bur i nærleiken av fjellet og liker å reise og oppleve dette landskapet. I fjellkjeda  Coast Mountains i British Columbia er brear både eit storslått innslag i  landskapet og ein kraftig indikator på miljøendringar.  

Desse breane har minka mykje dei siste tiåra. I nokre område har  tilbaketrekkinga ført til at nye bresjøar er danna. Eit kjent døme er den populære Wedgemount-breen. Dei siste 20 åra har den trekt seg nesten 400 meter attende og i 2013 vart ein ny bresjø danna. Nå ligg breen høgt over innsjøen etter rekordstore hetebølgjer dei siste somrane.  

Canada opplever nokre av dei raskaste klimaoppvarmingane i verda  - omtrent dobbelt så mykje som det globale gjennomsnittet, og nesten tre gonger høgare enn gjennomsnittet i det kanadiske Arktis. Brear er viktig for tilgangen på vatn i mange regionar, og deira tilbaketrekking har allereie stor effekt på vassdrag. Eit slåande døme er Kaskawulsh-breen i Yukon, Canada. Tilbaketrekkinga førte til ein plutseleg og dramatisk omdirigering av elva i 2016. Smeltevatn som tidlegare strøymde nordover til Beringhavet, blei leia sørover til Alaskabukta. Denne hendinga hadde mange konsekvensar, inkludert rekordlåg  vasstand i Łhù’ààn Mân (den største innsjøen i Yukon), og hyppige sandstormar på den nå uttørka flomsletta Ä’äy Chù som tidlegare  fekk vatten frå breen. 

Profilfoto: Katherine Robinson

På bileta:
Endringar i Kaskawulshbreen frå 1900 til 2012. Breen ligg i St. Elias-fjella i Yukon, innanfor dei tradisjonelle territoria til Kluane, Champagne og Aishihik og White First Nations. To bresjøar er danna på grunn av bresmelting. 
Foto: J. J. McArthur, 1900. Vist med tillating frå Mountain Legacy Project/ Mary Sanseverino, 2012.  

Wedgemount Glacier,British Columbia,2023. Breen har trekt seg raskt attende sidan 1970-tallet. I 2020 nådde brefronten til kanten av innsjøen. Foto: Katherine Robinson. 

Tashi Lhazom
Limi Valley, Nepal
Forskar, filmskapar og klimaaktivist

For meg er ein bre ikkje berre is – det er identitet. Eg vart fødd mellom snø og is på 3 800 meter, og vaks opp i eit brelandskap på 4 700 meter i Limidalen i Nepal. Barndommen min vart forma av snødekte fjelltoppar, elvar frå brear som smelter, og yakoksene vi gjette under Halzibreen. Breane er vevde inn i korleis vi lever, i ånda og i overlevinga for urfolket mitt.

Alle breane eg voks opp med, har minka dramatisk. Særleg Halzibreen har smelta så raskt at det har danna seg ein bresjø under den, noko som har ført til flaumutbrot frå bresjøen. Landskapet eg ein gong kjende, forsvinn framfor auga mine. Eg kjende eit sterkt behov for å skape merksemd for å kunne redde den.

Sjølve eksistensen vår står på spel. Tinande permafrost og vasskjelder som forsvinn trugar livsgrunnlaget vårt. Flaumutbrot frå bresjøen under Halzibreen har sett det eldgamle klosteret vårt – 1 000 år gammalt og hjartet i det åndelege og kulturelle livet vårt – i fare. Nå lever vi i konstant frykt, berre 6,5 km frå ein isbre som ein gong gav oss liv, men som nå gjev uro.

Profilfoto: Tashi Lhazom 

På bileta:
Halzibreen, Limidalen, Nepal.

Landsbyen Halzi i Nepal, der Tashi Lhazom bur. 

Breen Rikha Samba i 1974 og 2024

Yalabreen 1980 og 2015
Alle foto: Amar Maharjan
 

Hazi breen
Nepal Halzi landsby
Rikha Samba 1974
Rikha Samba 2010
Yalabreen 1980
Yalabreen 2015
Per Arne Vole
Lom, Norge
Dagleg leiar, Galdhøpiggen Sommarskisenter

Eg arbeider tett på breen kvar dag gjennom sommarskisenteret, og har fulgt utviklinga i 37 år. Breen er ein viktig del av både arbeidsplassen og lokalmiljøet mitt – som naturoppleving, kulturarv og som ein ressurs.

Vi har sett tydelege endringar dei siste åra. Breen har trekt seg merkbart attende. Snøsmeltinga startar tidlegare, og sesongen for sommarskikøyring blir stuttare. Isen og snøen er meir ustabil, og det krevst meir tilrettelegging og sikkerhetsarbeid enn før.

Stuttare sesong og meir usikre tilhøve gjev utfordringar for drifta av skisenteret. Det påverkar både økonomien vår og antal arbeidsplassar. Turismen i området merkar også konsekvensane – færre besøkande betyr lågare aktivitet for overnattingsverksemder, serveringsstader og andre lokale tilbod. Vi arbeider med å tilpasse oss, men endringane er tydelege og alvorlege for mange i bygda.

Foto profilbilde: Even Lusæter/NRK

På bilete:
Galdhøpiggen skisenter
Foto: Lorenzo Poli

Kva er løysinga?

Den einaste realistiske måten å bevare verdas brear på er gjennom umiddelbare og målretta tiltak for å kutte utslepp av klimagassar og gjennom ein transformativ tilpasning. Dette betyr at det er heilt nødvendig med systematiske og djuptgåande endringar av samfunnet, korleis vi lever og forbruker. Å redusere klimagasskonsentrasjonar vil stabilisere klimaet og er det beste alternativet vi har for å begrense bresmelting. 

Kortsiktige løysingar som å dekke til isbrear er berre mogleg for velståande nasjonar, ikkje for land som lir mest under tap av brear.  Mange av løysingane  som er foreslege eller allereie er i bruk, er skadelege for miljøet, og nokre involverar til og med bruk av plast, og er av den grunn avhengige av oljeproduksjon som vil auke klimagassutsleppa.  

Lokale løysingar - brebryllup

Nord i Pakistan finn ein fjellkjeda Karakorum, ein av dei største fjellkjedene i Asia. Her finn ein mellom anna verdas nest høgaste fjell K2. Breane her har dei same utfordringane med smelting som andre plassar i verda.

I eit forsøk på å gjere noko med situasjonen har ein gamal urfolkspraksis kalla «brebryllup» fått nytt liv. Denne praksisen går ut på å «lage» brear ved å hente bremasse frå ulike brear. I følge gamle tradisjonar er den kvite isen kvinneleg, medan 
den mørke isen er mannleg.

Bremasse frå dei ulike breane blir båre opp i fjellet til ein utvalgt stad høgare enn 4000 meter over havet, der det er permafrost og låge temperaturar. Her blir ismassane lagt saman i ei hole og målet er at ein ny isbre skal dannast på denne staden.

Bileta syner arbeidet med å hente ut is og transportere den opp i fjellet. Universitetet i Baltistan, ved Dr. Zakir Hussain Zakir, har gjennomført fleire prosjekt med ulike lokalsamfunn, både med brebryllup og andre metodar for å lagre is. I filmen kan du høyre han fortel om arbeidet. 
Foto og video: Dr Zakir Hussain Zakir

 

Bremasse frå dei ulike breane blir båre opp i fjellet
Bremasse frå dei ulike breane blir båre opp i fjellet

Lokale løysingar - Is-stupaer

Vassforsyninga for dei 250 millionar menneska i Hindu Kush-Himalaya-regionen i India er truga. Isbrear fungerer som naturlege reservoar for snø og is om vinteren og smelter gradvis om sommaren. Dette sikrar jamn tilførsel av vatn til elvar og bekkar.

I høgtliggjande ørkenområde som Ladakh i India kjem nedbøren hovudsakleg om vinteren, men ikkje i den avgjerande vårsesongen når bøndene skal så. Som eit svar på dette utvikla Sonam Wangchuk, ein ingeniør, innovatør og utdanningsreformator frå Ladakh , kunstige isbrear, også kalla is-stupaer.

Dei kunstige isbreane blir danna om vinteren ved at rennande vatn blir kanalisert og sprøyta ut i den kalde lufta og frys til store, kjegleforma isstrukturar. Dei sikrar vassforsyninga ved at is-stupaen smelter gradvis om våren og tidleg på sommaren, og gjev vatn når det trengst mest i jordbruket. Ein stupa kan gje opp til 11 000 liter ferskvatn dagleg.

Namnet Is-stupa kjem av likskapen til buddhistiske stupaer – kuppelforma byggverk som ofte blir brukt som heilage monument i tibetansk buddhistisk kultur.

I videoen under kan du høyre grunnleggaren av prosjektet, Sonam Wangchuk, fortel om arbeidet.

Foto: Sonam Rinchen

Is-stupa med flagg

Lokale løysingar - Duklegging og snøproduksjon

Sidan tidleg på 2000-talet har kunstig snøproduksjon, omfordeling av snø og duklegging av brear vore lokale tiltak for å bremse nedsmelting. For fleire skisentre, både i Norge og i Sveits, har desse metodane vore avgjerande for å bevare anlegga. UV-duken reflekterer vekk solljoset, held unna varmt regnvatn, og fører til lågare temperatur på isoverflata. Lokalt har dette vore gjort på Galdhøpiggen Sommarskisenter og over istunnelen i Klimapark 2469.

Materialet i duken kan imidlertid bidra til spreiing av mikroplast, og det blir no arbeidd med meir miljøvennlege alternativ. Ei anna utfordring er at denne metoda er kostbar og arbeidskrevjande. Løysinga er effektiv lokalt, men det er berre mogleg å dekke små område. I Sveits er berre 0,02% av brearealet dekt med duk.

På bileta ser ein duklegging over istunnelen i Klimapark 2469 og over ein bre ved fjellet Gemstock, Sentral – Sveits. 
Foto: Lorenzo Poli/ Matthias Huus 

Duklegging i Klimapark 2469

Engasjement

Kyrkjegard for tapte brear
17. august 2024 føregjekk ein seremoni utanom det vanlege på Island. Ein brekyrkjegard vart opna med gravsteinar i is som symboliserer brear som har forsvunne eller er i ferd med å forsvinne ulike plassar i verda. Representantar frå fleire land var til stades under seremonien.

Markeringa er ein del av prosjektet Global Glacier Casualty List. Dei fortel digitale historier om korleis tap av brear påverkar lokalsamfunn rundt om i verda.

Prosjektet består av eit team av antropologar og glasiologar leda av Cymene Howe, Dominic Boyer, Guðfinna Aðalgeirsdóttir og Hrafnhildur Hannesdóttir. 

Les meir om prosjektet her

Foto: Dominic Boyer

Bidragsytarar

  

 

Utstillinga er laga av 

Prosjekteigar:  Norsk fjellsenter 
Design: Merete Dagsgard– Norsk fjellsenter/ HAUS 
Fagansvarlege: 
Liss M. Andreassen – NVE 
Miriam Jackson – NVE 
AV-teknikk: Michal Torma 
Trykk: Presis 
Montering: Jeva Håndverk 
Snekker: Brun Bygg 

Ein spesiell takk til: 

Dominic Boyer - https://glaciercasualtylist.rice.edu/ 
Lorenzo Poli - https://www.lorenzopoli.photography/ 
Mark Reysoo - https://glacierchange.com/ 
Klaus Thymann  - https://www.project-pressure.org/   
Matthias Huss 
Tashi Lhazom 
Paula Lady Pacheco Mollinedo 
Per Arne Vole 
Catherine Robinson 
Heather Purdie 
Sonam Wangchuk 
Zakir Hussain Zakir  
Agency for Hydrometeorology of Tajikistan 

Takk til Sparebankstiftelsen DNB for finansiering